
«Mors og fars historie» er en roman som bygger på virkelige personer. For min egen del har jeg et spesielt forhold til romanen ettersom min egen far spiller en ikke uvesentlig rolle i den historien forfatteren forteller. Dette har jeg omtalt i en tidligere blogg, se 13. desember 2006.
Juryen sier i sin begrunnelse: «Romanen er blitt karakterisert som dristig og god, full av sterke kjensler. Det er skildringa av den kompliserte kjærleikssoga mellom foreldra. Hoems far, Knut Hoem, var odelsgut i Romsdal. Han fekk tidleg kallet til å bli predikant i Indremisjonsselskapet. Han er både odelsgut og predikant, og konfliktane blir skildra på ein sterk måte. Det same gjeld historia til Edvard Hoems mor, Kristine Nylund, som vart gravid med ein tysk soldat under krigen. Knut blir redningsmannen, men kjærleiken er ikkje av det lettkjøpte og lettvinte slaget. - Hoem har i romanen makta å framstille emissæroppgåva og bedehuskulturen med respekt og innleving, bygd på nær kjennskap til både personar og historie. Han har ikkje vika unna for å omtale også dei problematiske sidene ved mora og farens historie og ein del av det som skjedde innan dei frivillige kristelege organisasjonane. Men dette har skjedd utan at forfattaren har distansert seg frå romanens historiske bakgrunn. Tekstane – på svært lesbart nynorsk – er bore opp av kjærleik og diktarleg kraft. Dei gir innsikt i ein tidsperiode og ei livskjensle som har gitt lesarar og publikum stort utbytte».
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar